Leiar i FAU, Britt-Lise Bjånes og nestleiar, Borghild Hustad Berge var med på kommunestyremøtet der Skulebruksplanen var eit av hovudtema. Vi har prøvd å notere oss mest mogleg av det som vart sagt, slik det vart sagt og utan å legge inn vår tolking i det.
På møtet vart planen presentert av leiar i arbeidsgruppa, Beate Husa. Sund kommunestyre vedtok å leggje forslag til ny skulebruksplan fram til høyring i 6 veker. Frist for å kome med høyringsuttaler er 30.mai
Dersom forslaga i ny skulebruksplan blir vedteken i kommunestyret i juni 2012, vil talet på barneskular i Sund verte redusert frå sju til to barneskular. Dei som ikkje vert nedlagt, er Stranda og Skogsvåg skular.